Julie (12,5) og Caroline (10) er veganarar

Søstrene elskar dyr, men ikkje til middag.

Visste du at?

Variert og rett vegetarkost og vegankost kan dekke behovet for energi og dei fleste næringsstoff for barn, men det er nødvendig med god planlegging og enkelte kosttilskott, ifølge Helsedirektoratet. Det er nokre næringsstoff det er ekstra viktig å passe på i kosthaldet til barn.

LES FAKTALUKK FAKTA

Framtida Junior har intervjua Julie og Caroline Bonderup, som er veganarar.

– Ein veganar er ein person som ikkje et kjøtt eller andre produkt som kjem frå dyr, som egg, mjølk eller honning, seier Julie.

– I tillegg bruker ikkje ein veganar klede eller sminke som er testa på dyr, og vi støttar heller ikkje underhaldning med dyr, som dyreparkar og sirkus.

– Ein veganar er ein person som liker dyr og synest dei fortener eit godt liv, legg Caroline til.

Oppvaksne i ein vegansk familie

Foreldra til Julie og Caroline la om til eit vegansk kosthald for snart ti år sidan. Søstrene har derfor aldri ete kjøtt.

Men det er litt å passe på som veganar.

– Når eg er på besøk hos venner, passar eg på å lese ingredienslista på produkta nøye viss eg er i tvil om det er vegansk, fortel Caroline.

I bursdagar tar dei gjerne med seg eigen mat, slik at dei får godteri utan gelatin.

– Vi må også passe på at sminke og klede ikkje er testa på dyr, eller at det inneheld produkt av dyr. Vi bruker ikkje klede av ull og silke, eller sminke med bivoks eller lanolin.

Fleire veganske alternativ

Sjølv om det er litt å tenke på, liker Julie og Caroline å ha eit vegansk kosthald.

– Det beste med å vere veganar, er å vite at ingen dyr må lide for at eg kan ete meg mett. I tillegg er maten sunn og smakar godt, seier Julie.

– Det er like enkelt som dei som et kjøtt, men smaker betre. For meg er det normalt, og eg finn lett alternativ til mat og snacks, seier Caroline.