Nye kostholdsråd

Tysdag vart dei nye nordiske kosthaldsråda presentert. Tilrådingane er basert på den nyaste kunnskapen og forskinga om kosthald og helse.

Ifølgje dei nye kosthaldsråda bør vi ete «betydeleg mindre» enn 350 gram raudt kjøt i veka. Dei viser til omsyn til både helse og klimautslepp.

I staden for kjøt bør vi ete meir belgfrukter (bønner og linser) og fisk frå berekraftig forvalta bestandar. Dei anbefaler òg at vaksne bør unngå å drikke alkohol, og viss ein drikk, bør inntaket vere svært lågt.

Helsedirektoratet vil no sjå på dei nye råda, og våren 2024 vil det truleg kome nye norske kosthaldsråd.


Les også: Meiner nordmenn må eta mindre raudt kjøtt