Bydel i Bergen er oppkalla etter ein slavehandlar

I Bergen diskuterer dei no om bydelen Møhlenpris bør byte namn. Bydelen er oppkalla etter slavehandlaren Jørgen Thor Møhlen.

Dei kvite slavehandlarane såg på menneske med mørk hud som ei vare dei kunne fange og selge. Det kallar vi «rasisme» – som betyr at nokon meiner ei menneskerase er meir verdt enn andre menneskeraser.

– Det er på tide å snakke om den mørke historia bak namnet Møhlenpris. Det er ikkje sikkert det blir tatt godt imot, men eg meiner det er på tide å skifte eller justere namnet. Dette er ikkje ein del av historia som vi bør vera stolt av, seier politikar Tom Sverre Tomren (KrF) til Bergens Tidende.

(Saka held fram under bilete).

Illustrasjon: British Library / Unsplash

Men i Bergen er dei ikkje alle einige i forslaget. Lokalhistorikar Jo Gjerstad meiner at å byte namn ikkje er ei god løysing.

– Ein kan ikkje endre eit namn som har vore ein del av byen sin historie i over 300 år. Vi kan ikkje samanlikne vår moral med den dei hadde for fleire hundre år sidan, seier Gjerstad til Bergens Tidende.

– Det er mange stader og gater som er oppkalla etter folk som gjorde forferdelege ting, seier lokalhistorikaren

Demonstrerer mot rasisme

Dei siste vekene har fleire amerikanske byar vorte herja av demonstrasjonar mot politivald og rasisme. Særleg vald mot afroamerikanarar. Også her i Noreg har det vore fleire demonstrasjonar. Det har fått mange til å tenkje på kva vi bør gjere annleis i det norske samfunnet.

I USA starta det heile då ein politimann sto med kneet på nakken til George Floyd i nærare ni minutt. Floyd døydde kort tid etterpå. Hendinga vart filma og spreidd i sosiale medium. Politimannen er fengsla.

No er det fleire og fleire menneske som bruker stemma si til å seie at politivald og rasisme er galt. Det har vore demonstrasjonar både i Noreg og elles i verda.