Meiner stadnamn på Svalbard er rasistiske

På Svalbard finn du stadnamna Negerdalen, Negerfjellet og Negerpynten. Antirasistisk Front ønskjer namnebyte, og no skal Polarinstituttet behandla saka.

Det var engelske sjømenn som på 1600-talet gav namn til stadene på Edgeøya på Svalbard, skriv NRK.

No har Polarinstituttet sin namnekomité motteke ei klage der Antirasistisk Front ber om at namna vert endra til Svartdalen, Svartfjellet og Svartpynten, skriv Dagbladet.

– Neger er eit veldig betent ord som som vert brukt i ein rasistisk samaheng. Det er ikkje forbode å bruke ordet, men sjølv Språkrådet seier bruken av ordet er uklok, nettopp fordi det vert brukt i rasistisk samanheng, seier leiar for Antirasistisk Front, Nina Narvestad, til Svalbardposten.

Norsk polarinstitutt skal diskutera saka denne veka.

Det var Svalbardposten som først skreiv om saka.

Meiner du stadsnamna bør endrast?

Meiner du stadsnamna bør endrast?

Ja.25
Nei131
Veit ikkje.10
Svar totalt: 166

GIF: Giphy.com