Rekordlåg innlagde pasientar

I dag, 3. juni, er det lågaste talet med innlagde pasientar på norske sjukehus, sidan regjeringa innførte tiltaka 12. mars.

Det er berre 26 personar som er innlagd på norske sjukehus med koronaviruset, ifølgje Helsedirektoratets oppdatering. Det er færre enn det var i går, skriv VG.

 

Samfunnet har opna sakte men sikket opp igjen, men det er førebels tiltak ute i samfunnet for å unngå at viruset spreier seg.

Skulen er opna igjen

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) sa i pressefonferansen førre veke at skulane kan droppe regelen om ein meters avstand mellom elevane så lenge smittespreiinga i samfunnet er svært låg.

Det betyr mellom anna at barnehagar og skular igjen kan operere med heile avdelingar og klassar samla.