Laga rap av Noregs nasjonalskatt

«Nordmannen» eller «Mellom bakkar og berg», som mange kallar han, er ein kjend og kjær song skriven av Ivar Aasen - nynorskens far. No er songen attdikta med rap i ein rykande fersk musikkvideo.

VORE I STUDIO: Sigurd Andreas Aurdal (snart 10) har vore i studio og er klar med ein rykande fersk musikkvideo av Noregs nasjonalskatt.

Ein av dei som var med på dette er Sigurd Andreas Aurdal (snart 10). Han er sonen til mannen bak låten på nyinnspelinga.

Det var veldig gøy å vere med på. Og det var veldig kjekt å vere med i lydstudio, seier Sigurd.

Faren, Gunnar Sigve Aurdal er mannen bak arrangementet. Med seg har han Runar Gundason, som har skrive rapen i låten.

Den gamle låten er kul og fin. Vi syng den på 17. mai, fortel Sigurd.

Men den nye versjonen er endå betre.

Det er ein veldig fin song. Den har kule vers og ein rap.

(Saka held fram etter bilete).

MUSIKKVIDEO: Musikkvideoen er spelt inn på Ivar Aasen-tunet.
MANNEN BAK: Gunnar Sigve Aurdal (40) er mannen bak låten.

Musikkvideo på Ivar Aasen-tunet

I tillegg til Sigurd Andreas er det med ein heil gjeng som har vore med på å rappe og synge på den nyinnspelte versjonen av låten. Alle fjerdeklassingar i Volda har fått kora på låten.

I tillegg har dei spelt inn musikkvideo, på tunet der Ivar Aasen vaks opp for 200 år sidan.

Vi øvde heime først, og så drog vi til lydstudio og song inn låten, seier Sigurd.

Då dei skulle spele inn musikkvideo gjorde dei akkurat som proffe artistar gjer, kan Sigurd avsløre.

Når vi laga musikkvideoen måtte vi synge med tydeleg munn, slik at det såg ut som vi song. Men lyden vi høyrer på musikkvideoen er studioversjonen, fortel Sigurd.

Ein tradisjon i Volda

Denne songen er nokre år gamal, men innspelinga er ny. Det har faktisk vorte ein tradisjon i Volda at etter at barnetoget er ferdig, så samlast alle fjerdeklassingar for å synge denne songen for alle som har møtt opp. I år kunne dei ikkje gjere dette, og derfor blei denne musikkvideoen eit plaster på såret, kan pappa Gunnar Sigve Aurdal fortelje.

Songen vert lagt ut på strøymemedier som Spotify og iTunes på 17. mai.