Anne Frank fekk ønsket sitt oppfylt

Annelies Marie Frank var ei jødisk jente, født 12. juni 1929 i Frankfurt. Familien hennar var Edith Frank-Holländer (mamma), Otto Heinrich Frank (pappa) og Margot Frank (storesyster).

Til 13 års-dagen fikk Anne ei skottsruta dagbok som ho kom til å skrive mykje i dei neste to åra. Litt etter Hitler hadde kome til makta i Tyskland, bestemte familien Frank seg for å flytte til Nederland. Grunnen til dette var at livet hadde blitt vanskelegare å leve for dei fleste jødane i landet. 

Hitler avskydde jødar

Hitler meinte nemleg at jødane var rota til alt vondt, han avskydde dei. Det meinte han trass i at jødane berre utgjorde 1 prosent av befolkninga i Tyskland på den tida.

Familien Frank flytta inn i eit hemmeleg anneks som låg i Amsterdam i eit av Opektas lokale i Prinsengracht 263.

SKJULESTADEN: I dette huset budde Anne Frank og familien i skjul for nazistane. Huset ligg i Nederland, og har no vorte eit museum om livet til Anne Frank. (AP Photo)

Anne og familien fekk hjelp

Dei andre som budde i annekset var:

Fritz Pfeffer, Peter van Pels, Auguste van Pels og Hermann van Pels. Til saman budde åtte menneske der.

Dei hadde fire hjelparar: Miep Gies, Bep Voskuijl, Johannes Kleiman og Victor Kugler. Jan Gies og Johan Voskuijl hjalp også.

Hjelparane fekk tak i mat og anna til dei som budde i annekset.

Jødane blei utsatt for forferdelege overgrep

Då onkel Uli kom til Nederland fortalte han om kva som hende med jødane i Tyskland, nazistane sette fyr på synagogar og butikkar eigd av jødar, dei brann også bøker av jødiske forfattarar eller som omhandla jødisk kultur. Det var også mange strenge reglar jødane måtte følgje.

Etter ei stund i annekset var det lite mat igjen, og prisane for mat på svartebørsen var skyhøge. Det var vanskeleg å få tak i mat, og det hjalp ikkje akkurat at fire av hjelparane var nede for telling.

Hjelparen Johannes måtte mageopererast, Miep hadde blitt påkøyrt av ein SS-motorsykkel, Bep hadde fått ein forferdeleg influensa og Johan hadde fått magesår. Dermed drukna Kugler i arbeid.

Døden banka på døra

Mellomklokka  ti og halv elleve 4. august stansa det ein bil utanfor Prinsengracht 263. Ut steig SS-Oberscharführer Karl og tre hjelparar frå det grønne politiet.

Det var ingen tvil om at familien Frank og dei andre hadde blitt angitt. Då hadde dei budd i annekset i to år. Dei arresterte alle åtte som budde der, i tillegg til Kugler og Kleiman.

Alle som budde i annekset vart sendt til fangeleirar rundtom.

Den einaste som overlevde fangeleiren var Otto Frank, som seinare gav ut dagboka til Anne.

Ho hadde drøymt om å bli ein forfattar lenge, og den drømmen blei oppfylt.

STOLT PAPPA: Otto Heimrich Frank med ein bokpris, Golden Pan award, etter at dagboka hadde blitt seld i éin million eksemplar. (AP Photo/Dave Caulkin, file)

Denne biografien var eit bidrag til Tid-for-ti-skrivekonkurransen.