Hønsegjødsel skal stoppe festklare svenskar

I byen Lund i Sverige har kommunen bestemt å spreie hønsegjødsel i byparken. Grunnen er for å hindre festlglade svenskar i å feire Valborgsnatta på grunn av koronaviruset.

Valborgsafton er dagen der ein feirar at våren er i anmarsj.

Lund kommune har stengt ein av dei største parkane i byen på valborg, 30. april. Dette gjer dei for å hindre at tusentals av ungdomar skal samlast og feire denne store festkvelden, skriv Expressen.

No har kommunen tatt endå ei beslutning. Nemleg å spreie hønsegjødsel over parken. Dette for å hindre at mange ungdomar møtast på grunn av koronaviruset.

– Å sitje i ein park som stinkar hønsegjødsel og der det blåsast med løvblåsing og andre ting, er ikkje ei hyggeleg oppleving, skriv styreleiar i kommunen, Philip Sandberg på Facebook.

Valborg er ikkje så vanleg å feire i Noreg. Men i vårt naboland, Sverige, er dette ein stor og viktig fest, der dei feirer at våren er på veg. Frå gamalt av er Valborgsnatta ein katolsk fest som feirast til minne om Sankt Valborg på kvelden 30. april eller natt til 1. mai.