Høgtidene i helga som kjem

I helga er det mange som feirar fastelavn, men det er fleire religiøse merkedagar som skjer på same tid.

Dei fem bønnetidene i Islam

I den muslimske trua skal ein be fem gongar om dagen. Dette gjer ein for å koma nærare Gud.

Før ein ber skal ein vaska hendene, ansiktet, armane og føtene.

Dei fem bønnetidene er:

  • Fajr, når sola står opp
  • Duhr, midt på dagen
  • Asr, på ettermiddagen
  • Maghrib, når sola går ned
  • Isha, når ein skal legga seg
LES FAKTALUKK FAKTA

Det er fleire som skal kosa seg med fastelavnsbollar i helga, men denne helga er det fleire andre religiøse merkedagar som skal feirast.

Feirar Sjiva

På laurdag feirar hinduar Maha Shivaratri, dagen då guden Sjiva gifta seg med Parvati. Sjivanatta blir feira den 14. dagen i anten phalunga eller magha, som er månadar i hindukalenderen.

Ifølgje hinduistisk tru er det Sjiva som øydelegg månen når den går ned. Difor blir Sjivanatta feira rett før månen går ned om kvelden.

Kvelden blir gjerne feira med å laga masse lyd, elles kan dei faste eller sitja oppe heile natta. For nokre er bruk av rusmiddelet cannabis òg ein del av feiringa.

Ein stor statue av guden Shiva foran sjøen.
Under feiringa av Maha Shivaratri er det guden Sjiva som feirast. Foto: Harikrishnan Mangayil/Pixabay

Blåmåndag, feitetysdag og oskeonsdag

I den kristne trua startar fastelavnsfeiringa på søndag. Fastelavn er høgtida som leiar opp til fasta. I Noreg er det vanleg å ete bollar fylt med krem og å hengja opp bjørkeris.

Mange av tradisjonane på fastelavn kjem eigentleg frå folketru.

Blant anna har bjørkeriset blitt brukt i lang tid som symbol på fruktbarheit. Riset vart blant anna slått på åkeren for å passa på at grønsakene skulle veksa.

Utkledningsfest

Ein annan gammal tradisjon er karnevalet. I Noreg er det mange skular og barnehagar som har karneval der ungane får kle seg ut som kva dei vil.

I mange andre land feirast karneval med store paradar i gatene. Til dømes er det store folkefestar når det er karneval i Rio de Janeiro og under Mardi Gras i New Orleans. Under begge desse feiringane kler folk seg ut i kostyme og dansar rundt i gatene.

Mange går i moskeen under feiringa av himmelferda. Foto: Sergii/Colourbox

Feirar himmelferda til Mohammed

Laurdag feirar muslimane at profeten Mohammed reisa frå Mekka til Jerusalem og vidare til himmelen

Natta for himmelferda, eller Lailat al Miraj markerer at Mohammed fekk påbodet om dei fem daglege bønnetidene frå Gud.

På reisa si heiter det at Mohammed møtte profetar, englar og Gud.

Under feiringa av himmelferda er det mange som vel å gå i moskeen for å høyra historia om Mohammed si reise. Ein kan òg pynta heimen sin med levande lys for å feira.