Donald-blad selt for over 110.000 kroner

Eit norsk Donald-blad frå 1948 vart selt for over 110.000 kroner ved eit norsk auksjonshus. Det er det nest dyraste norske Donald-bladet som er selt.

Om du levde i 1948 og hadde kjøpt bladet i butikken hadde det kosta deg 50 øre.

Bladet har med andre ord hatt ei vanvittig prisauke.

Kjøparen måtte ut med 110.725 kroner, ifølgje TV 2.

Prisen bladet vart selt for, er den nest høgaste summen som er betalt for eit norsk Donald-blad. Rekorden vart sett i 2014 då eit Donald-blad vart selt på auksjon for 122.500 kroner.