Tøffe tårnagentar på oppdrag i kyrkja

I vinter har tårnagentar over heile Noreg vore på oppdagingsferd i kyrkja si og lært mykje.

Tårnagenthelg er ei helg for alle 8-åringar. Gjennom oppdrag og mysterium får barna løysa oppdrag gjennom å utforska av kyrkja, klokketårn, symbol og bibelforteljingar. 

– Me brukte ein heliumballong, og målte med ein tråd kor høgt det var opp til taket i kyrkja, fortel Olav Andresen (8 1/2) i Stord kyrkje.

Tråden målte 13,5 meter.

TENTE LYS: Olav Andresen (8 ½) og Silas Milje-Helmersen (8 ½) tente lys på tårnagenthelga i Stord kyrkje. Foto: Svein Olav B. Langåker

På leiting

Ein heil laurdag ettermiddag og kveld var 8-åringane i Stord kyrkje. Om kvelden fekk dei pizza.

– Me leita etter ting i kyrkja, fortel Silas Milje-Helmersen. På preikestolen fann dei Bibelen og to lysestakar.

– Me såg òg eit drikkebeger i sølv og ei skål med sånne kvite greier som skal vera brød, fortel Olav. Oblat heiter det.

PREIKESTOLEN: Olav og Silas på preikestolen. Under gudstenestene held presten «preika» si her. «Preika» betyr at presten fortel om trua på Jesus og Bibelen. Foto: Svein Olav B. Langåker

Svimlande høgt

– Kva har de lært på tårnagenthelga, då?

– Eg har lært at eg ikkje vil hoppa i fallskjerm, seier Olav Andresen.

Det var høgt å sjå ut vindauget ned frå kyrkjetårnet.

Og så har dei lært om Jesus. Dei skulle finna ord som mangla i eit bibelvers. Det klarte dei fint.

Søndagen fekk dei synga framfor kyrkja.

– Og korleis var det å vera med på tårnagenthelga?

– Det var gøy! seier Silas og Olav i kor.