Forferdelege fakta til frukost med Anders Totland

Forfattar Anders Totland inviterer sjåarane med heim for å fortelja mørke, spennande historier frå verkelegheita.

Anders Totland har skrive boka om den norske slavehandelen. Kristian Krogh-Sørensen har laga illustrasjonar.

Forfattaren Anders Totland har skrive fleire spennande faktabøker, mellom anna bøkene Den norske slavehandelen og Nattmannen.

Ein viktig del av jobben hans er å reisa rundt på skular for å lesa og fortelja frå bøkene. Når alle skulane er stengde, har forfattaren funne ut at han ville laga til sitt eige tvprogram på Youtube som han kallar Faktisk frukost.

– Det skal handla om tortur, slavehandel, drit og folk som høgg hovudet av folk og dei som samlar opp hovuda etterpå og set dei på stake, seier Anders Totland.

Historiene frå verkelegheita har han funne i arbeidet med bøkene sine.

Dei første episodane blei lagt ut på Youtube no i helga. Dei neste helgene skal det koma åtte episodar til. Kvar episode varer mellom 8 og 10 minutt.

Sjå første episode her:

Og andre episode her:

Etter påsken kjem Anders Totland med ei ny faktabok; Lepra, om den farlege leprasjukdommen.