Den internasjonale olympiske komite (IOC) og Japan har no kome fram til at årets sommar-OL ikkje skal gjennomførast i år.
Det blir OL neste år i staden.
I den moderne historia til dei olympiske leikar har aldri før eit OL vorte utsett. Leikane i 1916, 1940 og 1944 vart avlyst, men ei utsetjing har aldri skjedd tidlegare.
Bakgrunnen til utsetjinga er koronaviruset.