Karantenetips: Kims leik

SJÅ VIDEO: Har du høyrt om "Kims leik"? Her får du oppskrifta!

Denne leiken er for to personar:

  • Du tek eit brett og legg ulike ting på det.
  • Så legg du eit handkle over tinga, og ber brettet til familiemedlemmet du leikar med.
  • Ta vekk handkledet, vis tinga i 30 sekund, og dekk over med handkledet.
  • No skal familiemedlemmet ditt gjette kva som låg på brettet.
  • Er det fleire som vil gjette kan du finne ein premie til den som får flest riktige.