Karantenetips: Telt i stova

Sett opp eit telt i stova og fyll det med soveposar.

FAKTA: Kva er karantene?
  • Dei som er i karantene kan framleis gå ut av huset, dei skal berre ikkje gå på skulen jobb eller andre stader der det er samlingar av folk.
  • Karantene er ikkje det same som isolering. Heimeisolering skjer når ein mistenkjer smitte av viruset, eller at ein har tatt ein test som viser at ein er smitta. Då kan ein ikkje gå ut av huset

(Kjelde: Folkehelseinstituttet)

LES FAKTALUKK FAKTA

I teltet kan du:

  • Ete heimelaga bollar og drikke kakao.
  • Lese ei god bok.
  • Spele eit spel.
  • Løyse kryssord i gamle blad.
  • Skrive dagbok.