Verdssamfunnet har svikta syrarane

Den ni år lange krigen i Syria har truleg kravd 586.000 menneskeliv. Verdssamfunnet har svikta. Det meiner FNs spesialutsending Geir O. Pedersen.

Fakta om offera til krigen i Syria
  • Den syriske eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) reknar med at den ni år lange krigen i Syria har kravd 586.000 menneskeliv.
  • Blant dei som er dokumenterte drepne, er det minst 116.000 sivile, blant dei 22.000 barn og 13.000 kvinner.
  • 130.000 syriske regjeringssoldatar og allierte militssoldatar er drepne i krigen, blant dei nærare 1.700 frå den libanesiske Hizbollah-militsen.
  • 124.000 opprørarar er òg drepne, vel 67.000 av dei medlemmer av jihadistgrupper og nærare 13.000 medlemmer av den kurdiskleidde SDF-styrken.
  • 88.000 sivile er ifølgje SOHR dessutan torturerte i hel i fengsla og fangeleirane til regimet, og minst 3.200 sivile og nesten 6.000 soldatar er drepne i fangenskap hos IS og opprørarar som har band til al-Qaida.

Kjelde: SOHR, NTB

LES FAKTALUKK FAKTA

Konflikten i Syria går i desse dagar inn i det tiande året.

– Lidingane til det syriske folket i dette tragiske og fryktelege tiåret er framleis vanskelege å forstå. Hundretusenvis av syrarar, menn og kvinner, har mista livet, fortel FNs spesialutsending til landet, den norske diplomaten Geir O. Pedersen til Munin.buzz.

– Lidingane til syrarane er katastrofale og må ta slutt.

– Halve befolkninga har flykta frå heimane sine, og med nærare éin million nye fordrivne som følgje av den kraftig valden i Idlib-området dei siste tre månadene, blir tragedien stadig større, seier Pedersen.

Mange diskusjonar

– FNs tryggingsråd har vore i møte for å diskutere Syria i 222 timar dei siste ni åra. For kvar einaste time dei har diskutert, har 27.385 syrarar måte flykte for livet, seier Carsten Hansen. Han er leiar for arbeidet Flyktninghjelpen driv i Midtausten.

– Vi er skremde over at verda er så handlingslamma, noko som i snart eit tiår har gjort det mogleg for dei krigførande partane å halde fram, seier Hansen.

Han viser til at Tryggingsrådet har hatt 144 møte og vedteke 25 resolusjonar om krigen i Syria, og at FNs generalsekretær har laga 102 rapportar.