Ny rapport: 1 av 6 barn bur i krig og konflikt

Ein fersk rapport frå Redd Barna viser at det er fleire og fleire barn i verda som bur i krig. Det er ikkje fleire krigar, men måten landa krigar på som gjer at det er slik.

Redd Barna-rapporten viser at over 350 millioner barn lever i eit konfliktramma område.

– Generelt har barn i verda det betre. Fleire overlever og fleire får gå på skule. Men i konfliktområde vert det berre verre og verre, fortel Tove Wang som er generalsekretær i Redd Barna til VG.

Syria, Afghanistan og Somalia er dei tre landa som er farlegast for barn, ifølgje rapporten.

Viktig møte

Rapporten kjem rett føre den globale Sikkerheitskonferansen i München denne helga. Der skal 500 av verdas viktigaste leiarar møtast. Dei jobbar med tryggleik.

Tove meiner leiarane må snakke om barna i krig, og finne ut korleis dei kan få hjelp.

– Vi vil jo ikkje ha det slik. Det er ingen som vil det, skulle ein tru, seier ho til VG.

Snakk gjerne med ein vaksen om du får mange vonde tankar av denne nyhenda.