Det kjem fram i den siste undersøkinga frå Forskningsrådet, laga av Kantar, skriv Framtida.
Dei har undersøkt folk si tillit til all forsking, som viser at 83 prosent av oss har «meget» eller «ganske» stor tillit til forskinga.
Likevel varierer det når ein spør om forskinga innanfor ulike tema.
75 prosent har god tillit til helseforsking, medan berre halvparten av oss stolar særleg på kjønns- og likestillingsforskinga.
13 prosent har lite tiltru til forskinga
På klimaforsking har 56 prosent svært stor eller stor tillit, men 13 prosent har liten eller svært liten tillit til forskinga på dette feltet – det vil seie at rett over 1 av 8 personar.