Verdas eldste mann er død

Japanaren som døde 112 år gamal, var verdas eldste registrerte mann.

Chitetsu Watanabe budde i Japan. Han blei født 5. mars 1907.

12. februar blei han godkjent som verdas eldste levande mann av Guinness rekordbok.

Japanaren var utdanna på landbruksskule og jobba som offentleg tenestemann etter krigen.

Han etterlot seg fem barn, 12 barnebarn, 16 oldebarn og eit tippoldebarn.

Verdas eldste levande person, Kane Tanaka, kjem også frå Japan. Ho feira 117 årsdag i januar.