Framtidajunior Kultur Noreg tener meir på dataspel enn på musikk
Foto: Pixabay

Noreg tener meir på dataspel enn på musikk

Dataspel er Noregs største eksportvare på kulturfeltet.

Norske dataspel nådde ut til heile 69 millionar spelarar verda over i 2018. Norsk spelebransje omsette for 389 millionar kroner i 2018. 377 millionar av dette var eksportverdiar, det skriv Stavanger Aftenblad.

Musikkbransjen omsette for nest mest, med 357 millionar kroner på den utanlandske marknaden.

God utvikling

– Utviklingsfarten til den norske spelbransjen har auka veldig, både når det gjeld tal på spelefirma som blir starta, og kor mange som veks i storleik, seier Lange til Stavanger Aftenblad.

Det er speltidsskriftet PressFire som omtala saka fyrst.

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

Lotte føler seg som ein sprettball når foreldra skil seg

I boka «Sprettball» møter me Lotte, ei jente som prøver å finna fotfestet etter at foreldra hennar skil lag. Men, kva skjer når alt rundt henne endrar seg? Med nye heimar, nye venner og ei kjensle av å ikkje passe heilt inn?

VIDEOAR