Solveig (13) har spelt inn julesong i studio

Solveig Leganger har sleppt julesongen julesongen «Noen Engler» på Spotify. Dette er hennar fyrste låt i studio, men ikkje hennar siste.

 

– Det er utruleg gøy å få gje ut ein song! Då den kom ut 1. desember var eg utruleg spent på korleis den ville bli tatt imot, fortel Solveig.

Det heile starta med at ho song «Piken i gresset» i bursdagen til faren.  Dette er ein song faren har laga. Etter ho song var det ein av gjestene som sa han kunne tenkje seg å høyre Solveig spele inn julesongen «Noen Engler» i studio. Og slik blei det.

YOUTUBE: Dette biletet er frå videoen som er laga til songen. Den kan du sjå på YouTube.

– Det å vera i studio var faktisk utruleg gøy. Eg hadde sjølvsagt vore nervøs med tanke på korleis det skulle gå – om eg kom til å synge bra eller ikkje. Men det gjekk heilt bra. Det var sjølvsagt nokre ting eg måtte jobbe med, men det må ein nesten alltid, fortel ho. 

Innspelinga var unnagjort på eit par timar.

Engleavtrykk i snøen

– Teksten handlar om barn som av ulike grunnar ikkje har det så godt i jula – og at vi kan lage vakre engleavtrykk i snøen for å gje dei eit håp om at ting vil bli betre, fortel ho. 

Solveig har gode vener og ein familie som heiar på ho når ho no gir ut musikk. Det er far til Solveig, visesongar og låtskrivar Nicolay Leganger, som har skrive teksten saman med kollega Heidi Lambach.

– Veldig mange av venene mine har spredt songen på Snapchat, og det har hjelpt meg veldig. Familien min har gitt meg kompliment og støttande ord, seier Solveig. 

Den gode opplevinga har gjort at ho har lyst til å gje ut fleire songar i framtida.

– Sjølv om frykta for korleis songen blir teke imot av verda framleis er der, håpar eg på å gje ut meir musikk i nærmaste framtid, fortel ho.