Verda kan få ein ny nasjon

Talet på nasjonar i verda kan auke til 196.

Innbyggarane i Stillehavsregionen Bougainville vil lausrive seg frå Papua New Guinea. Dei har stemt, og det blei stort fleirtal for å bli ein sjølvstendig nasjon. Talet på nasjonar i verda kan dermed auke til 196.

Er ikkje sikkert

Parlamentet på Papua New Guinea må godkjenne avstemninga, så det er ikkje sikkert det blir slik folket ønskjer.

Bougainville er ei øygruppe som ligg mellom New Guinea og Salomonøyene. Det er cirka 230.000 menneske som bur der. Det er mange folkegrupper med ulike språk.