Sjå video lengre nede i saka.
Dette treng du
- papp/papir
- fingermålling
- tusj
- pensel
Dette gjer du
- Først kan du tenke ut kva du vil lage. Reinsdyr, snømann, dompap, juletre, englar…
- Dypp fingeren i fingermåling
- Trykk fingeren på papiret
- La målinga tørke
- Teikn på strekar
- FERDIG!
SJÅ VIDEO
Her teiknar Dina bein og gevir med tusj etter at målinga er tørka.
Her målar Dina kvite prikkar på reinsdyra.
Andre kort Dina har laga
Eit juletre
Lysegrøne fingertuppar har laga greinene. Ein gul finger-endetupp har blitt stjerna. Etterpå har Dina teikna inn stamma og forma litt på greinene.
Ein julekrans
Her har Dina fyrst laga ein grøn runding av lysegrøn måling. Når det er tøkra har ho trykt ein mørkare grønfarge rundt den lysegrøne rundingen. Til slutt har ho måla raude bær med pensel.