Fleire melde mobbesaker i Noreg

I fjor haust vart heile 653 mobbesaker melde inn til fylkesmennene. I fire av fem saker kom det fram at skulane ikkje gjorde nok for å stoppe mobbinga.

– Eg er bekymra for barna det gjeld. Altfor mange barn har ein klump i magen når dei går til skulen og opplever at dei vaksne ikkje gir dei den tryggleiken dei skal ha i skulekvardagen, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) til NPK/NTB.

Skulen gjer ikkje nok

I om lag fire av fem mobbesaker som Fylkesmennene har ferdigbehandla, kjem det fram at skulen ikkje har gjort nok for å stoppe mobbing, skriv Framtida.no.

– Eg forventar at skulane følgjer opp den viktige jobben som må blir gjort for å skape eit godt skulemiljø for alle elevar, seier Sanner.