Her er nokre vitsar som kaaaaaanskje får deg til å le
Læraren såg ut i klasserommet. Elevane hadde hatt i lekse å lese om Israel.
– Perline, kva veit du om Daudehavet?
– Eg visste ikkje at det var sjukt ein gong!

Kva er ynglingsfilmen til kannibalar?
Rasmus på loffen.

Det ringer på døra, og veslebror går og opnar. Like etter kjem veslebror inn på kjøkkenet til mamma.
– Det er ein som samlar inn til det nye symjebassenget.
– Så, gi han eit glas vatn.