Fleirtalet på Stortinget må godkjenne budsjettet før det kan tre i kraft 1. januar 2020.
Dette er noko av sakene regjeringa vil bruke pengar på:
SKULE
- 250 millionar kroner til trykte- og digitale læremiddel i skulen. Bruke 90 millionar på «Den teknologiske skulesekken».
- Billigare SFO på 1. og 2. trinn
- Regjeringa vil auke med 15 millionar på å sikre gode nynorske læremiddel.
MILJØ/KLIMA
- 15,5 milliardar til eit grønare samfunn med lågare utslepp.
- Dei skal bruke meir pengar på forsking.
FRITID
- Starte med eit forsøk på fritidskort. Det vil vere ei ordning som gir barn melllom 6 og 18 år ein gratis fritidsaktivitet. Regjeringa føreslår 60 millionar til dette.
- 7 millionar til dataspel gjennom filmfondet. (Pengar til å lage norske dataspel)
FAMILIE:
- Auke barnetrygda med 300 kroner i månaden. Tilsaman 3600 kroner i året.
Sukkeravgifta består, og blir ikkje endra. Det vil seie at det framleis er like dyrt som i dag når ein skal kjøpe seg ei brus eller ein sjokolade.
Regjeringa vil bruke 243,6 milliardar av oljefondet neste år. Det er 2,6 milliardar mindre enn i fjor.
Kva er oljefondet?
Oljefondet er verdt meir enn 9000 milliardar kroner.
Mot slutten av 60-talet blei det funne eit oljefelt utanfor Noreg. Noreg fekk mykje olje som vi kunne selje.
Stortinget bestemte å starte eit fond for å sikre pengane. Fondet eig litt i mange selskap. På den måten tener Noreg pengar på oljepengane.
- LES OGSÅ: Viktigheita med fritidskort
- LES OGSÅ: Kva er eit statsbudsjett?