– Alle føler seg som idiotar av og til

Fotballsjef Lise Klaveness og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad er opptatt av at alle barn skal føla seg inkluderte i fritidsaktivitetar.

Då Lise Klaveness gjekk frå å vere barn til ungdom følte ho seg ikkje bra nok. Ho følte seg stygg og hadde tankar som gav henne dårleg sjølvtillit. Heldigvis hadde ho ein hobby som gjorde henne sterk.

 – Eg byrja å spele fotball før eg blei ungdom, og under ungdomstida gøymde eg meg vekk i fotballen.

No er ho direktør for elitefotball i Norges fotballforbund. Å vere med i ein fritidsaktivitet er veldig viktig meiner ho.

Kjell Ingolf Ropstad kjenner seg igjen. Han hugsa at han følte seg tjukk, sjølv om han ikkje var det. Han var også veldig glad i å sparke fotball, og brukte all fritida si på det.

REDD BARNA: Alle barn og unge har rett til leik og fritid. Her står barne- og familieministeren saman med Zahra, Nora og Nilani.

Familieøkonomien skal ikkje avgjere

Monica Sydgard frå Redd Barna seier at dei vaksne må passe på at barn får rettane sine. Rettane ho snakkar om er FNs barnekonvensjon som handlar om at barn har rett til mellom anna kvile, leik og fritid.

Mange familiar har dårleg økonomi, nokre har problem med å kome seg til og frå treninga. Nokre foreldre har ikkje bil, og kollektivtransporten er ikkje mogeleg. 

Det skal ikkje vere økonomien til foreldra som avgjer om barnet skal få gå på ein organisert aktivitet. Alle skal få mogelegheita med eit fritidskort som regjeringa har lova innføre.

I Noreg er alle bra nok

Lise Klaveness fortel at land som Kroatia, som er eit land Noreg kan samanlikne seg med med tanke på tal innbyggjarar, vel ut barn heilt ned i seksårsalderen til å bli satsa på som toppidrettsutøvarar. Slik er det ikkje i Noreg. Her skal alle vere med og ingen skal føle at dei ikkje strekker til i den aktiviteten dei deltek i.

Fakta om Fritidskort

  • Regjeringa lovar at Fritidskortet kjem anten i 2020 eller i 2021.
  • Då vil alle barn få pengar til det det kostar med éin fritidsaktivitet.
  • Fleire kommunar har allereie ei fritidskort-ordning, og dei kan no bruke pengane til å støtta endå fleire fritidsaktivitetar.