Dei gløymde krisene

Flyktninghjelpen har nyleg lansert den årlege oversikta si over gløymde kriser rundt om i verda.

Fakta om gløymde kriser

Dette er landa med dei mest neglisjerte flyktningkrisene:

  • Kamerun
  • Kongo
  • Den sentralafrikanske republikken
  • Burundi
  • Ukraina
  • Venezuela
  • Mali
  • Libya
  • Etiopia
  • Palestina

* Lista er basert på desse kriteria: Mangel på politisk vilje til å løyse problema, mangel på mediemerksemd og mangel på økonomisk støtte.

(Kjelde: Flyktninghjelpen)

LES FAKTALUKK FAKTA

Øvst på lista over dei gløymde krisene er det flest afrikanske land, skriv Munin.buzz.

800.000 barn

Kamerun er landet som ligg på topp på lista. Der er det 1,3 millionar menneske som treng naudhjelp. Både landsbyar og sjukehus har vorte angripne, og nærare 800.000 barn har falle ut av skulen.

– Det verkar som det internasjonale samfunnet søv i timen, seier generalsekretær Jan Egeland i Flyktninghjelpen til Munin.buzz.

Får ikkje merksemd

Krisa har fått svært lite merksemd i media. Då kjem det også inn svært lite pengar til arbeidet med naudhjelp.

Etter Kamerun følgjer Kongo og Den sentralafrikanske republikken på Flyktninghjelpen si liste. Også i desse landa er det lite merksemd rundt krisene, noko som har gjort sitt til det manglande nødhjelpsarbeidet.