– Vil heller ha lekser enn lengre skuledag

Leander (12) og Sahed (11) kunne gjerne tenkt seg å sleppa lekser, men vil heller gjera lekser heime enn å ha lenger skuledag.

– Når eg kjem heim frå skulen må eg alltid gjera lekser. Eg vil heller bruka tid på andre ting, seier Sahed. Ho reknar med at ho bruker ein halvtime kvar dag på leksene.

Leander trur han bruker cirka éin time på leksene kvar dag.

– Lekser er kjedeleg, seier han.

Men begge er einige om at det er betre med ein time med lekser heime enn ein time ekstra på skulen. Læraren deira og rektor snakkar om at dei vil gi gode lekser. Men kva er gode lekser?

– Eit fag per dag er betre enn at det er fleire fag per dag, seier Sahed.

– Eg synest det er kjekt når me få gjera lekser på pc, seier Leander.

– Kva er den kjekkaste leksa de har hatt?

– Det er ein gong me hadde bakelekser. Det var veldig kjekt, og veldig godt, seier Sahed og Leander er heilt einig.

5 FAKTA OM LEKSER

  • Alle har rett til gratis leksehjelp på skulen sin. Det varierer kor mykje tid skulane set av til dette.
  • Læraren din, rektor og kommunen din kan bestemma om elevane skal få lekser.
  • Dei fleste skular i Noreg har lekser.
  • Nokre skular har bestemt at dei ikkje skal lekser. Då får elevane tid og hjelp til å gjera oppgåver på skulen i staden.
  • Lekseplan er lurt å ha. Det gjer at det er mogleg å gjera leksene på dei dagane du ikkje har så mykje anna å gjera, og så kan du ta fri frå leksene når du har det travelt med trening eller andre aktivitetar.