SJÅ VIDEO: Morten (7): – Vi har fire slangar heime

I huset til Morten og pappa Martin buktar fire vener seg rundt omkring.

I to år har dei hatt slangar som hobbydyr. Slangane buktar seg ikkje fritt rundt i huset, altså. Ein bur i eit terrarium, som er eit glasbur, og tre bur i plastboksar i kjellaren.

Vi fekk den fyrste slangen for to år sidan. To dagar etter at det vart lov å ha slangar som kjæledyr i Noreg, fortel pappa Martin.

Kryp ut av sitt eige skinn

Dette er ein kornsnok. Den er ikkje giftig altså, seier Morten.

No skal denne faktisk krype ut av sitt eige skinn. Vi kallar det hamskifte – det må slangar gjere for at dei skal kunne vekse, fortel Martin. 

Kornsnoken, som vart fødd i Danmark, er ganske lys lilla no. Vanlegvis er han oransje i fargen.

Slange bak øyra

No må du stå der som eit tre, seier Martin og legg slangen på hendene til Morten.

Morten tek i mot slangen som startar å bevege seg opp på armane, sakte mot skuldrene. 

Den likar seg best plassar det er mørkt og trongt. No leitar han etter ein trygg stad, kanskje bak øyra ditt, seier Martin.

Slangen er nemleg på veg opp til Morten sin nakke. Den spisse tunga, som er delt i to, går ut og inn av slangemunnen. 

Tunga bruker han for å finne ut kva som skjer rundt han, fortel Morten.

Tre slangar i kjellaren

I kjellaren bur det ein ballpyton, ein kongeboa og ein kornsnok til.

Alle slangane likar best å ete mus, så Morten og Martin kjøper frosne mus på dyrebutikken.

– Vi må legge dei i ei gryte med varmt vatn, og vente ti minutt før dei er varme nok til at vi kan gje dei til slangane, fortel Morten.