Ønskjer du deg ein slange som kjæledyr?

Her kan du sjå kva slangar du kan ha heime i stova – og kva slangar du kan møte på ute på tur.

Det finst mange tusen slangeartar, men vi har berre tre artar i Noreg. Artane som vert rekna som norske slangar er hoggorm, buorm og slettsnok. Alle desse lever fritt i naturen og er freda. Det tyder at du kan blir straffa om du tek livet av ein norsk slange.

Viss du ønskjer å ha ein slange som kjæledyr kan du det. I august 2017 blei 19 ulike reptilar lov å ha som kjæledyr i Noreg. 9 av desse er slangar.

 

Desse slangene lev vilt i norsk natur:

Hoggorm

Hoggormen er den einaste giftige slangen vi har i Noreg. Den har oftast eit sikksakk-mønster på ryggen, men kan også vera veldig mørk i fargen, slik at den kan forvekslast med buormen. Eit bitt frå hoggorm er ikkje livstruande for dei aller fleste, men nokon menneske er meir utsette enn andre. Ein må alltid søke lege om ein vert bitt.

Foto: Malene / Wikipedia / CC BY-SA 3.0

Slettsnok

Slettsnoken kan også bite, men er ikkje giftig. Snoken lever langs kysten frå svenskegrensa til Jæren. Slettsnoken kan bli opp mot 80 centimeter lang. Den er oppført på raudlista over truga dyreartar.

Foto: Der Irbis / Wikipedia / CC BY-SA 3.0

Buorm

Buormen er den største norske slangen. Den kan bli over ein meter lang. Den bit sjeldan, og den er ikkje giftig. Ormen er brungrå, grå eller svart i fargen.

FOTO: Marek Szczepanek / Wikipedia / CC BY-SA 3.0

 

Desse slangane er lovlege å ha som kjæledyr i Noreg:

Kongesnok

Kongesnok kan bli over 150 cm lang. Den lever av firfisler, gnagarar, fuglar og andre slangar. Den er utbreidd i det sørlege USA og nordlege Mexico.

Foto: Camilla Bjerke, Oslo Reptilpark

 

Kornsnok

Kornsnok blir også kalla raudsnok. Den blir frå 100 til 180 cm lang og 6-8 år gamal. Kornsnoken er ein veldig god klatrar.

Foto: Public domain / Wikipedia

Mjølkesnok

Mjølkesnoken har flotte fargar. Den blir mellom 100 og 150 cm lang, og gjerne 10-12 år gammal.

Foto: Are Hogner, Oslo Reptilpark

 

Grønn trepyton

Grønn trepyton er ein kvelarslange som blir cirka 1,4 til 2 meter. Den lever vilt i Australia, Indonesia og Papua Ny-Guinea. I det fri et slangen fuglar, øgler og pattedyr.

Foto: Public domain / Wikipedia

Kongepyton

Dette er ein liten kvelerslange på 1,2 til 1,5 meter. Arten er utbreidd i Vest- og Sentral-Afrika. Den lever av gnagarar og fuglar, og kan leve i 20 år.

FOTO: Mokele / Wikipedia / CC BY-SA 3.0

Teppepyton

Denne kan bli 1,4 til 4 meter og lever både i trær og på bakken. Slangen kan leve 20-30 år i fangenskap.

FOTO: LA Dawson / Wikipedia / CC BY 2.5

Regnbogeboa

Regnbogeboa blir cirka 1,8 meter lang. Den har vakre regnbogefargar på skjella sine. I det fri lever den i Mellom og Sør-Amerika.

Foto: KaroH /Wikipedia / CC BY-SA 3.0

Kongeboa

Kongeboa er ein medium stor kvelarslange frå Sentral- og Sør-Amerika. Den blir frå 1 til 4 meter. Kongeboaen lever av mus og fuglar. I naturen jakter han både på bakken og i tre.

Foto: Jens Raschendorf / Wikipedia / CC BY-SA 2.5

 

Hagetreboa

Hagetreboa lever i Mellom- og Sør-Amerika og på nokre av dei karibiske øyane. Den blir frå 1,5 til 2 meter lang. Hagetreboaen lev i trær.

Foto: Mokele / Wikipedia / CC BY-SA 3.0

Kjelde: Wikipedia