Endre (14) vann ein halv million på å spele Fortnite

Førre veke vann Endre «Endretta» Byre ein halv million kroner i ein Fortnite-finale.

Endre «Endretta» Byre kjem frå Stavanger. I turneringa spela han mot dei beste spelarane i Europa, skriv Tek.no.

Endre kallar seg «Endretta» på YouTube og Twitch. Tusenvis av folk såg på kanalen då han kapra 1. plassen i Fortnite Europa i World Cup-kvalifiseringa.

Foto: Privat

Pengane han vann ser han berre på som ein bonus. Det er nemleg kvalifiseringa til verdsmeisterskapen i juli som er målet. Det er premien på heile 260 millionar kroner.

God støtte

Tek.no snakka med Endre etter seieren.

– Det er heilt sjukt! Eg har aldri vore i New York før heller, så det blir jo meir eller mindre som ein rein ferie, sa han.

Familie og vener har vore gode støttespelarar.

– Far min og bror min har vore veldig støttande heile vegen, og dei hjelper meg med alt. Det er eg sinnsjukt glad for – og eg er sjølvsagt veldig, veldig glad for at eg kvalifiserte!