Fortnite-skaparane får diger bot

Selskapet Epic er anklaga for å ha lurt spelarar til å bruke pengar i spelet.

Amerikanske FTC har gjeve selskapet bak spelet Fortnite ei bot på om lag 2,6 milliardar kroner, skriv TEK.no.

Pengane frå bota skal gå til å betala dei råka brukarane tilbake.

FTC er eit statleg organ i USA som sikrar forbrukarvernet. Det vil seia at dei passar på at bedrifter som sel varer og tenester sel det dei seier at dei sel og at dei ikkje lurer kundane sine.

Manipulasjon

Spelgiganten skal ha brukt det som kallast manipulativt design for å lura spelarar til å bruka pengar i spelet. Dei har til dømes gjort knappane for å kjøpa v-bucks mykje meir synleg enn knappen for å angra kjøpet.

Epic skal òg ha gjort det veldig enkelt for barn å bruka pengar i spelet utan foreldretilsyn. Dette gjorde at mange barn skal ha brukt store summar på kort tid.

Vidare skal selskapet ha låst eller truga med å låsa kontoane til brukarar som har forsøkt å avbryta pengeoverføringane.

Les meir: «Loot-boksar»: – Nesten som gambling

Spelar du Fortnite?

Spelar du Fortnite?

JA1141
NEI48
Har prøvd54
kjedeleg34
Likar det ikkje16
Digger det115
Znnnnork36
<331
Svar totalt: 1475