Difor streikar ungdommane igjen

For to månadar sidan samla førti tusen elevar seg i Noregs gater. Politikarane høyrde ikkje på oss, så no samlast vi igjen.

Vi streikar for at politikarane skulle ta klimaendringane på alvor og begynne å handle. Verda over demonstrerte 1,8 millionar menneske, og land som Irland, Storbritannia og Canada har erklært klimakrise som eit resultat. Noreg må gjere det same.

I Noreg har vi ungdommar vorte møtte med endå fleire tomme ord og vekkforklaringar. Politikarane tek fortsatt ikkje oss, eller klimakrisa, på alvor. Tida spring frå oss, og vi kan ikkje vente på nye høyringsrunder, budsjettprosessar og partiprogram. Løysingane må komme kjapt.

Å stanse klimaendringane handlar ikkje berre om forbrukarane sitt ansvar for å dusje kortare, køyre mindre og bruke bambus-tannkostar og handlenett. Å redde klimaet krev store investeringar og politisk vilje. Ungdommane har viljen, og Noreg har pengane og kunnskapen som skal til for å gjere noko før det er for seint. Dette har vi hatt lenge, men ingen har gjort noko. Så no må vi endå ein gong gje ein tydeleg beskjed til dei som styrer landet vårt: Vi krev handling, no. Difor streiker vi på nytt over heile Noreg den 24. mai.

For vi kan ikkje vinne klimakampen utan at dei som har makta, og det største ansvaret, tek dei vanskelege, men nødvendige vala.

Klimakampen er ein kamp om liv og død. Vi, og millionar av andre, nektar å sitje og sjå på medan politikarane våre tek val som får konsekvensar både for oss lokalt, men også langt utover våre eigne grenser.

Vi er elevane i lokalsamfunn rundt i Noreg som kjempar for våre fjordar og åkrar, for bylufta og dyrelivet. Vi kjemper for bøndene som vert ramma av tørke på Austlandet og i Somalia, for heimane som vert rivne vekk av flaum i bygder langs Vestlandskysten og i Bangladesh.

(Dette er ein nedkorta versjon av lesarinnlegget).

Skrive av:

  • Tina Razafimandimby Våje, initiativtakar
  • Penelope Lea, klimaaktivist
  • Agnes Granli Lægreid, leiar i barnas klimapanel
  • Carmen Bjørg Gómez Svanes, klimaaktivist for Klimaopprøret i Bergen
  • Hege Skarrud, leiar i Spire
  • Embla Regine Mathisen, leiar i Changemaker
  • Gaute Eiterjord, leiar i Natur og Ungdom
  • Kristin Sønnesyn Berg, leiar for klimautvalet til KFUK-KFUM Global