Maria (15) er fast bestemt på at ho skal bli fiskar

Eigentleg skulle Maria ha ei arbeidsveke om bord på fiskebåten. Det blei til ein heil månad. Og fiskardraumen – den har berre blitt endå sterkare.

– Mange av gutekompisane mine har bestemt seg for å verte fiskarar. Her eg kjem frå er det status å vere fiskar for gutane – dei kallar seg ekte menn – så dei var litt slik: «Nei, du kjem aldri til å greie det», fortel Maria Espeseth Sævik.

Samstundes lurte jentene i vennekrinsen på om ho ikkje skulle gje opp fiskardraumen. Men

Maria lét seg ikkje stoppe. 15-åringen frå Herøy er fast bestemt på at ho skal verte fiskar.

Sette sjøbein tidleg

For Maria har saltvatn i årene. Både faren og morfaren er fiskarar, og sidan ho var pittelita

har ho fått lov til å vere med ombord på båten, fortel ho.

– Eg synest alltid det var så gøy og interessant. Eg hadde støtt lyst opp i styrehuset, og

at pappa skulle forklare meg kva som føregjekk.

STORE BØLJER: Særleg i Nordsjøen var det store bølgjer som slo innover båten. – Dei første gongane tenkte eg: «Oi, no må eg halde meg fast når eg skal sove!». Foto: Eivind Mikal Sævik

Ein månad til sjøs

No er ho komen heim frå fiske med båten Sæbjørn. Der arbeider også faren og morfaren til Maria. Stort sett er mannskapet menn i 40-60-årsalderen.

Maria var sjøsjuk første dagen, men etter det fekk ho vere med på dekk og ta del i arbeidet på same vis som mannskapet. Kvardagen på båten var ein heilt annan enn kvardagen på skulebenken.

Eit arbeidsjern

Etter ein heil månad på sjøen har Maria ikkje vorte skremd. Tvert om, ho har vorte meir

motivert for å satse:

– Eg synest det er så kjekt å få vere ut på havet, og det å verte skikkeleg utsliten. Det

er eit veldig hardt yrke – du må vere veldig sterk for å gjere det, fortel Maria.

Ho trur det er grunnen til at det finst flest mannlege fiskarar, men at det ikkje er noka hindring. Det fysiske arbeidet var noko av det beste, synest ho. Samstundes fekk Maria oppleve både dei positive og dei negative sidene:

– Den gleda når du får mykje fisk. Vi opplevde å sprenge nota og all fisken vi hadde forsvann. Det hadde vore eit kjempekast, så eg fekk oppleve ein skikkeleg nedtur – det har ikkje skjedd på 20 år. Så eg fekk oppleve både glede og sorg.

Saknar bråket

Ho synest det er godt å vere heime. Dagen ho kom att hadde mora, Helen, diska opp med alle favorittane: Taco, nachos, sjokoladefondat og brownies.

Men det er også nokre ting Maria saknar:

– Eg synest eigentleg det er skikkeleg kjekt når båten slingrar – no står alt stille. Og det er heilt stilt i huset. Det er så mykje bråk i båten – du høyrer bråk heile tida. Eg saknar bråket og slingringa.