Nasjonalt forbod mot heliumballongar lèt vente på seg

Det kan ta tid før eit nasjonalt forbod mot heliumballongar blir ein realitet.

I byrjinga av mai 2018 bad eit samrøystes Storting regjeringa om å snarast mogleg greie ut eit nasjonalt forbod mot heliumballongar, skriv NPK.

Sjølv om kommunar har tilgang til å regulere gatesal, er eit nasjonalt forbod på all eigedom ikkje ein realitet før nasjonaldagen i år.

Forbyr eingongsplast

Nyleg kunngjorde regjeringa at dei vil forby eingongsplast før sommaren 2020. EU har vedtatt eit tilsvarande forbod frå og med 2021.

Når det gjeld eit eventuelt forbod mot heliumballongar, seier klima- og miljøvernminister Ola Elvestuen (V) at det nedsette utvalet har fått frist til september i år og mars neste år.