BOKAKTUELL: Barneboktips frå Anna R. Folkestad

Anna R. Folkestad er illustratør og forfattar. Ho har skrive ei rekkje bøker, og no er ho aktuell med boka ULLA. Ei bok som handlar om å finne flokken sin.

  • Namn: Anna R. Folkestad
  • Alder: 35 år
  • Mental alder: Begeistringsalderen min er rundt 4 år. Vert nemleg veldig lett begeistra. Men er nok  83,5 år når det gjeld å tenkje på trekken og det å skli og brekke eit eller anna.

Aktuell med: ULLA

Ei bildebok om ein sau som finn ut at saueflokken ho er ein del av, ikkje nett er den beste flokken ho kan ha. Heldigvis finn ho ein ny bra flokk, med mange ulike dyr. Ein flokk der dei tek vare på kvarandre og ser kvarandre for den dei er.

Kven sendte du din siste SMS til?

– Mannen min Øystein.

Kva stod der?

– Tørkepapir er ein veldig kjedelig ting, så var nok difor eg gløymde det.

Illustrasjon: Anna R. Folkestad

Kvar er du akkurat no?

– Nett no er eg heime ved stovebordet og prøver å finne ut kva for ein ide eg skal sjå om eg klarar å lage til eit bokmanus.

Kva for ein fisk er søtast?

– Om det hadde vore ein fisk som hadde sett ut som eit dovendyr ville eg ha valt den.

– Men ein slik fisk har eg ikkje sett. (Endå) Så då vel eg den fisken som liknar mest på eit dovendyr: Kulefisken!

Illustrasjon: Anna R. Folkestad.

Kva for ein historisk person kunne du tenkt deg å vere for ein dag?

– Først tenkte eg på at eg ville ha vore ein eller annan berømt målar. Då kunne eg ha måla inn mange gøyale ting i måleri, slik at me no til dags hadde klødd oss i hovudet og lurt på kvifor det er ein traktor i bakgrunnen på Mona Lisa-maleriet. Det hadde vore gøy.

– Men SÅ kom eg på at eg burde ha vore assistenten til han som fann opp plast!

– For då kunne eg seier:

– «Er du heilt sikker på at dette er ein lur oppfinnelse?»

– Også hadde han sikkert sagt «Ja, det er eg heilt sikker på».

– Men då sa eg:

– «HEEEEEIIIIIILLLLLLT sikkert?»

– Og plutseleg var han ikkje så sikker lengre, også fann han opp noko mykje lurare. Noko som var nedbrytbart. Den assistenten er kanskje ikkje ein historisk person, MEN om ho hadde stoppa plasten så hadde ho kanskje blitt det? Who knows?

Kva for ein kjendis kunne du tenkt deg å invitere på eit glas brus?

– Det må ha blitt Perla i barne-tv! Eg elskar jo sauer, og Perla er ein av favorittsauene mine. Her slår nok begeistringa til den mentale fireåringen min inn igjen.

Kan du kome med ei bok som gjorde inntrykk på deg som barn, og kvifor?

– Ei bok eg hugsa veldig godt var ei bok om pingvinen Pablo. Han budde saman med dei andre pingvinane på ein kald stad. Men Pablo likte ikkje å ha det kaldt, så han vil reise til varmare strøk. Det eg likte med den boka var alle tinga han fann på for å halde seg varm. Som å ha varmeflaske under føtene, og bere ein heil ovn på ryggen! Pablo bestemmer seg for å reise. Etterkvart smelter isflaket som Pablo reiser på, og han må hoppe oppi badekaret han har med seg. Men badekaret held også på å synke fordi det har ingen propp! Då tek snartenkte Pablo og stappar dusjstanga oppi sluken og vatnet sprutar ut dushovudet og han suser avgårde! Pablo ender til slutt opp på ei øy med palmer og hengekøye. Veldig nøgd.

Kva meiner du ei god barnebok MÅ innehalde?

– Karakterar som ein likar, og som ein har lyst til å lese om, og vere saman med lenge.

Fullfør setninga: Det beste med å lese ei bok er…å forsvinne inn i den og oppdage heilt nye (gjerne magiske) ting.

– Kva tre barnebøker du vil anbefale?

1 «Pølsetjuven» av Marianne Gretteberg Engedal

2 «Hysj» av Magnhild Winsnes

3 «Snillionen» av Arnfinn Kolerud