Vegansk betyr at det ikkje er brukt noko frå dyr; korkje kjøt, mjølk eller egg.
Bønnestuing til tacoen
Ingrediensar:
1 boks kidneybønner
1 boks svarte bønner (eller berre bruk kidneybønner i staden)
1/2 stor lauk, hakka
2 fedd raspa kvitløk
3 ss næringsgjær
Masse spisskummen, pepar, litt chilipulver, løkpulver, kvitløkspulver
Litt vatn
Ein halv terning grønsaksbuljong
Slik gjer du:
Ha litt olje i ei gryte og fres løk og kvitløk. Ha i ca. ein halv dl vatn, bønnene og krydderet – rør godt. La alt putra på middels varme i ca. 10-15 minutt, til bønnene har byrja å sprekka opp.
Skru av varmen og mos bønnene litt.
Tilset litt vatn om det trengst.
Server til taco eller nachos. Kjempegodt!
Nydeleg ostesaus
Ingrediensar:
3 gulrøter
2 poteter
1 dl vatn
1 ts Dijonsennep
Nokre dropar god eddik
2 ts buljongpulver
1 ss sitronsaft
1,5 dl næringsgjær
1-2 ts Bac’uns (kan sløyfast)
1/2 ts kvitløkspulver
1/2 ts løkpulver
Eventuelt litt chilipulver
Slik gjer du:
Skrell poteter og gulrøter og del dei i bitar om du vil dei skal koka raskare. Ha dei i ei gryte – kok opp og la det småkoka til alt er mørt.
Hell av vatnet og la det avkjøla til det er romtemperert. Ha det i ein blendar eller food processor og køyr saman med resten av ingrediensane til det er ein fin saus. Smak til med meir krydder og næringsgjær om det trengst.