Ny film om Roald Amundsen

Nordmannen, Roald Amundsen, var verdas største polfarar.

Amundsen blei 56 år gamal, og levde eit eventyrleg liv. (Foto: Wikipedia)

No er det laga film basert på livet hans.

Der får vi vite meir om livet og ekspedisjonane som endra livet til nordmannen.

Roald Amundsen var født i 1872, og døde mest truleg i ein flystyrt 18. juni 1928.

Han var ein norsk polfarar. Han er mest kjend for den fyrste ekspedisjonen som nådde fram til Sydpolpunktet, desember 1911, og for å ha klart å segle Nordvestpassasjen for fyrste gong i 1903.

Filmen inneheld ei kort scene med eit sjølvmord. Det er derfor gitt aldersgrense 12 år på denne filmen.

Filmen hadde kinopremiere 15. februar.

Nordvestpassasjen er ei sjørute frå Atlanterhavet til Stillehavet via den arktiske øygruppa i nordlege Canada.