No når KrF er med i regjeringa har Erna Solberg fått ei fleirtalsregjering. Fleirtalsregjering betyr at regjeringa er i fleirtal på Stortinget.
På Stortinget sit 169 folkevalde representantar. Regjeringspartia har 88 personar på Stortinget. Dei andre partia har 81 personar.
Det vil derfor vere lettare å gjennomføre politikken som regjeringa legg fram, fordi fleirtalet av dei 169 representantane på Stortinget kjem frå regjeringspartia, og vil mest truleg stemme for det regjeringa legg fram.
Fleirtalsregjering er bra for statsministeren, fordi det er Stortinget som avgjer om ein skal godkjenne regjeringa sine forslag.
Desse partia sit på Stortinget
Regjeringspartia: Til saman 88 personar
- Høgre: 45 personar
- Framstegspartiet: 27 personar
- Kristeleg Folkeparti: 8 personar
- Venstre: 8 personar
Opposisjonen (dei andre partia på Stortinget): Til saman 81 personar
- Arbeiderpartiet: 49 personar
- Senterpartiet: 19 personar
- Sosialistisk Venstreparti: 11 personar.
- Miljøpartiet Dei Grøne: 1 person
- Raudt: 1 person
Stortinget har tre viktige oppgåver
- Dei bestemmer lovene i landet vårt.
- Dei bestemmer kor mykje pengar Noreg skal bruke, og korleis pengane skal fordelast.
- Dei kontrollerer at regjeringa gjer jobben sin.
Dei fire regjeringspartia har desse leiarane:
- Erna Solberg er statsminister og partileiar frå Høgre (H).
- Siv Jensen er finansminister og er partileiar for Framstegspartiet (Frp).
- Trine Skei Grande er kultur- og likestillingsminister og partileiar for Venstre (V).
- Knut Arild Hareide var partileiar i Kristeleg folkeparti (KrF), men trekte seg etter at partiet gjekk inn i regjeringa. Kven som blir partileiar vil ein vite etter landsmøtet i mars. Her (på toppbilete) representerer Kjell Ingolf Ropstad KrF. Han er barne- og familieminister i den nye, utvida regjeringa.
Dette er noko av det dei har vorte samde om
- Betre klimaet: Målet er å kutte farlege klimagassar, og dei vil auke tilbodet på kollektivtransporten.Eingongsprodukt av plast skal også bli forbode.
- Auke i barnetrygd: Det skal bli meir pengar til foreldre som har barn i alderen null til seks år. Her skal det bli ei auke på 7200 kroner.
- Gratis SFO/AKS: Det vil bli gratis SFO/AKS for familiar som har mindre inntekt enn gjennomsnittet.
- Utsetje skulestart: Det skal bli lettare for foreldre å utsetje skulestarten for fem- og seksåringar som ikkje er heilt klare for å byrje på skulen.
- Innføra eit «fritidskort» for alle barn frå 6 til fylte 18 år som kan nyttast til å dekka deltakaravgift på fritidsaktivitetar