Zain Al Rafeea er flyktning frå Syria. Han flykta med familien til Libanon under krigen.
Der blei han oppdaga av dei som skulle lage ein film.
Han fekk hovudrolla i filmen «Kapernaum» som har vorte nominert til Oscar.
Fimen handlar om ein gut som saksøker foreldra fordi dei sette han til verda, utan at dei klarer å ta seg av han.
No bur Rafeea og familien i Hammerfest i Finnmark.