Helsesøstrene har fått ny tittel

Frå 1. januar blei tittelen helsesøster forandra til helsesjukepleiar.

Eit viktig mål er å rekruttera fleire gutar og menn til yrket og gjera det lettare for gutar å oppsøkja hjelp. Norsk Sykepleierforbund (NSF) har lenge arbeidd for å få ein meir kjønnsnøytral tittel, og i desember vedtok eit samrøystes Storting å endra tittelen for helsesøstrer.