Dane (9) fekk endra amerikansk lov

Dane Best frå Colorado i USA fann ut at det ikkje var lov å kaste snøball i byen han bur i. Han bestemte seg for å prøve å få endre lova.

Dane elskar å kaste snøball, men fekk vite at det var forbod mot å kaste snøballar i byen han bur i. Ordføraren i byen kunne bekrefte at det står “ingen missilar” i lova, og at snøballar vart rekna som det. Ein missil er “eit styrbart, eksplosivt prosjektil som blir brukt som våpen mot eit mål”.

Dane gjekk til politikarane i byen, og ba om at lova skulle bli endra. Og no kan han kaste så mykje snøball han vil!