Ny oppfinning skal samle plast i Stillehavet

Eit heilt spesielt prosjekt ute på havet får mykje merksemd om dagen.

Boyan Slat (26) har endeleg sjøsett den nye oppfinninga si. Planen er å samle plast i Stillehavet. Han har førebudd sjøsettinga i fem år, og mange menneske har donert pengar for at han skal få dette til.

Oppfinninga har fått stor merksemd fordi den er den fyrste av sitt slag: ein enorm flytande mekanisme som skal rense havet for plastavfall, skriv Verdens Beste Nyheter.

Det store søppelflaket

Den over 600 meter lange prototypen, System 001, blei sjøsett frå San Fransisco. Så sette den kurs mot det som blir kalla “det store søppelflaket” midt i Stillehavet.

Prototypen skal vise om det er mogleg å bruke enorme flytande lenser til å samle opp plast som samlar seg i midten av havet. Plasten samlar seg der grunna havstraumane.

Ideen er at det lange røret skal ligge i ein halvsirkel i havoverflata for å samle saman plastavfallet. Når det er fullt, skal plastavfallet bli frakta inn til land. Der blir det solgt til gjenbruk.