NSB kasta fleire hundretusen fleecepledd rett i boset

NSB kastar eit fjell av fleecepledd som kun er brukt ein gong.

Tog er betre for miljøet enn å fly, men at NSB kastar pledd rett i bosset etter nokon har brukt dei ein gang, er jo ikkje det bra for miljøet, skriv NRK.

400.000 pledd har blitt kasta

På alle tog som går på natta, får dei som reiser tilbod om ein pakke med øyreproppar, ansiktsmaske, pute og eit fleecepledd. Kundane kan ta pleddet med heim, eller la det ligge att på toget. Blir det liggande att på toget, blir det kasta.

Ifølgje tal NRK har fått frå NSB har togselskapet delt ut rundt 1.065.000 slike pakkar frå 2014 og fram til i dag. Av desse har meir enn 400.000 pledd blitt kasta.

NSB veit om problemet

– Det er mange tepper, og eg forstår at det blir reaksjonar. Då er det viktig å seie at vi er klar over dette, og at vi jobbar for å få mindre avfall, seier kommunikasjonssjef Gina Scholz i NSB til NRK.