Plastflasker som bussbillett

I den nest største byen i Indonesia, Surabaya, kan ein betale for bussen på eit heilt spesielt vis.

Byen har nemleg laga til eit pantesystem, der innbyggarane kan betale for bussen med 10 plastglas eller fem plastflasker. Her i Noreg har vi pantemaskinar i matbutikken, men det har dei ikkje i Indonesia.

Difor er dette ein lur måte å hindre at folk kastar plastplasker og plastglas i naturen.

FOTO: Pixabay