Fann kval med seks kilo plast i magen

Ein nesten ti meter lang spermkval blei tysdag funnen død på ei strand i Indonesia. I magen hadde han forferdeleg mykje plast.

I kvalen sin mage blei det ifølgje nyhendebyrået Reuters funne nesten seks kilo plast – mellom anna 115 koppar, plastflasker, plastposar og sandalar, skriv Dagbladet.

Kvalen blei funnen i Wakatobi nasjonalpark – eit område som er kjent for store korallrev og eit rikt dyreliv.

– Grusamt

Dwi Suprapti i WWF fortel til nyhendebyrået Associated Press at det er vanskeleg å slå fast kva som tok livet av kvalen, men at funnet likevel er rystande.

– Det er verkeleg grusamt, seier ho.