Under den nasjonale sesongåpninga på Beitostølen på fredag var det ingen som klarte å slå tempoet til Johaug. To år etter at ho testa positivt på ei dopingprøve, på grunn av ein leppekrem ho hadde brukt, var ho glad for å vere tilbake i løypa saman med resten av langrennsjentene.
På fyrsteplass
På 10-kilometer i klassisk stil gjekk Johaug raskare enn alle og tok fyrsteplassen. Ho var heile 23,9 sekund raskare enn andreplassen, som blei teke av Ingvild Flugstad Østberg. Tredjeplassen gjekk til Kari Øyre Slind.
– Det var veldig spesielt å gå her i dag. Det er så utruleg godt å kome tilbake igjen til langrennsfamilien. Å kome opp hit og møte alle eg har gått saman med i mange år, å høyre brøla i løypa og sekunderingane. Det var ei spesiell kjensle, fortel ho i eit intervju med NRK.