Politiet rykka ut på smågodtalarm

I ein butikk i Sverige forsynte kundane seg av smågodt med hendene  – då blei dei stoppa av politiet.

Det var i Luleå i Nord-Sverige at nokre vaksne blei for ivrige med å forsyne seg av godteriet i butikken at dei plukka smågodtet med berre hendene sine.

Ifølgje SVT trudde dei tilsette i butikken først at dei to kundane prøvde å stele og det var difor dei kontakta politiet. Då politiet kom fram viste det seg at dei ikkje hadde tenkt å stele, men at dei var litt for dårlege til å tenkje på hygiena på handleturen sin.

Politiet stoppa dei likevel og meinte at det var feil å bruke hendene for å fylle opp godteriposane sine. Då blir det nemleg mange bakteriar på godteriet.

Butikken endte opp med å måtte kaste fleire boksar med godteri etter hendinga.

Korleis plukkar du smågodt?

Korleis plukkar du smågodt?

Eg bruker alltid plastskeia når eg plukkar smågodt.112
Eg bruker hendene av og til.5
Eg plukkar alltid smågodt med hendene. 8
Eg likar ikkje smågodt!6
Svar totalt: 131