Trump si makt svekka etter valet

I går var det kongressval i USA. Demokratane fekk flest stemmer i Representanthuset og får no bestemme meir.

I USA er det to val, først eit val om kven som skal vere president og så eit val om kven som skal sitje i kongressen. Kongressen bestemmer mykje av det som skal skje i landet og fungerer som Stortinget her i Noreg.

I landet står det to store politiske sider mot kvarandre, det er demokratane og republikanarane. Kort fortalt kan en seie at demokratane er litt meir liberale og mindre strenge, medan republikanarane er meir konservative og strenge.

President Donald Trump tilhøyrer republikanarane si side.

Kva blei resultatet? 

I Kongressen er det to grupper som bestemmer; den eine kallast for Representanthuset og den andre for Sentatet. Det er desse gruppene som bestemmer i landet og det var difor veldig spennande når det skulle veljast nye politikarar til å sitje i desse gruppene. Det store spørsmålet var kor mange demokratar og republikanarar som skulle bli valgt til å bestemme vidare.

Før kongressvalet hadde republikanarne flest folk både i Representanthuset og i Sentatet. Med etter valet i går blei resultatet at demokratane fekk flest stemmer og difor flest folk inn i Representanthuset. Republikanarane har framleis flest folk i Sentatet, men den store endringa er at det no er fleire demokratar i Kongressen.

Dette betyr at Donald Trump får mindre makt til å gjennomføre skumle planer som mindre skatt eller å bygge ein vegg mot Mexico for å stenge muslimar ute.

 

Kva synest du om at Trump får mindre makt?

Kva synest du om at Trump får mindre makt?

Det er bra! Eg heier ikkje på Trump.135
Det er litt dumt, eg likar Trump!21
Eg heier på Trump og synest han bør behalde makta!34
Svar totalt: 190